17. mai-uka

17. mai-uka: PrekentekstLuk 1,50-53

Bokmål

50 Fra slekt til slekt varer hans miskunn
over dem som frykter ham.

51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spredte dem som bar hovmodstanker i hjertet.

52 Han støtte herskere ned fra tronen
og løftet opp de lave.

53 Han mettet de sultne med gode gaver,
men sendte de rike tomhendte fra seg.

Nynorsk

50 Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.

51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

52 Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.

53 Han metta dei svoltne med gode gåver,
men sende dei rike tomhendte frå seg.

Nordsamisk

50 Buolvvas bulvii
su váibmoláđisvuohta bistá
sidjiide geat ballet sus.

51 Son dahká veagalaš daguid gieđainis,
son biđge sin
geain leat čeavlás jurdagat váimmus.

52 Son norddasta ráđđejeddjiid sin truvnnuin
ja alida vuollegaččaid.

53 Son biebmá nealguid buriid attáldagaiguin,
muhto riggáid son vuolggaha eret
guoros gieđaid.

1. lesetekstJer 29,10-14

Bokmål

10 Så sier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal jeg se til dere. Da skal jeg oppfylle mitt gode løfte for dere og føre dere tilbake til dette stedet.11 For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp.
   12 Når dere kaller på meg og kommer for å be til meg, vil jeg høre på dere.13 Dere skal søke meg, og dere skal finne meg. Når dere søker meg av et helt hjerte,14 lar jeg dere finne meg, sier Herren. Så vil jeg vende skjebnen for dere og samle dere fra alle de folkeslag og steder som jeg har drevet dere bort til, sier Herren. Jeg skal føre dere tilbake til det stedet jeg førte dere bort fra i eksil.
   

Nynorsk

10 Så seier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal eg sjå til dykk. Då skal eg oppfylla min gode lovnad for dykk og føra dykk tilbake til denne staden.11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
   12 Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk.13 De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte,14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden for dykk og samla dykk frå alle dei folkeslag og stader som eg har drive dykk bort til, seier Herren. Eg skal føra dykk til den staden eg førte dykk bort frå i eksil.
   

Nordsamisk

10 Ná cealká Hearrá: Go Babylona čiežalogi jagi leat dievvan, de mun fas geahčan din beallái. Mun ollašuhtán iežan buori sáni ja buvttán din ruoktot din iežadet eatnamii.11 Mun dieđán makkár jurdagat mus leat din hárrái, cealká Hearrá, dat leat ráfi jurdagat eaige oasehisvuođa jurdagat: Mun attán didjiide boahtteáiggi ja doaivvu.12 Dalle dii čuorvubehtet mu, jorgalehpet mu beallái ja rohkadallabehtet mu, ja mun gulan din.13 Dii ohcabehtet mu, ja dii gávdnabehtet mu. Go dii ohcabehtet mu oppa váimmusteattet,14 de mun divttán din gávdnat iežan, cealká Hearrá. Ja mun jorgalan din vuorbbi ja čohkken din fas buot álbmogiid gaskkas ja buot báikkiin gosa lean ádján din. Mun buvttán din fas ruoktot dan báikái gos mun dolvon din eret.
   

2. lesetekst1 Joh 5,13-15

Bokmål

13 Dette har jeg skrevet til dere for at dere skal vite at dere har evig liv, dere som tror på Guds Sønns navn.14 Og dette er vår frimodige tillit til ham: at han hører oss når vi ber om noe som er etter hans vilje.15 Og når vi vet at han hører oss hva vi enn ber om, så vet vi at vi allerede har det vi har bedt ham om.

Nynorsk

13 Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son.14 Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje.15 Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om.

Nordsamisk

13 Dán mun lean čállán didjiide geat oskubehtet Ipmila Bárdnái, vai diehtibehtet ahte dis lea agálaš eallin.14 Ja mii oažžut roahkkadit lahkanit Ipmilii ja oskut ahte son gullá min, jos mii átnut juoidá su dáhtu mielde.15 Ja go mii diehtit ahte son gullá buot min átnumušaid, de mii maiddái diehtit ahte mii oažžut dan maid mii sus átnut.
   

Gud signe vårt dyre fedreland

Du har sikkert sunge den minst ein gong i året, den vakre vakre fedrelandssalmen vår: Gud signe vårt dyre fedreland. Visste du at litt av teksten i eitt av versa er henta frå salmenes bok? «Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja. Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja». Verset held fram slik: «So vakta oss Gud so me kan bu i heimen med fred og hyggja!»

Det har vore mykje «heim» i det siste, litt i overkant for mange av oss. Og det har vel kanskje holdt hardt med hyggja av og til også, i desse koronatider. Det er heller ikkje alle som har ein god heim, og vi er mange som lengtar tilbake til skulebenken og venneflokken. Uansett korleis vi lever, har vi i denne tida kjent på tap av fridom, innskrenka muligheter, manglande fellesskap. Elias Blix skreiv i tillegg til fedrelandssalmen også den endå meir kjente «No livnar det i lundar» og der er det ei strofe som eg er så glad i: «Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song, du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong». Våren 2021 kan i grunnen berre bli betre. Det er det kortsiktige håpet. Det langsiktige håpet er ein dag der framme der kjærligheten har seira 100% og er synlig blant oss, i ein verden fri fra hat, smerte, krig, skrik, sorg, tårer. Det gleder eg meg til, og det trur eg på.

Eg lar ei ung jente stå for årets 17.mai-tale. Ho som blei tildelt verdas mest utfordrande oppgåve, den unge og sterke jenta, som i kjærleik og tillit gjekk inn i oppgåva; å bli mor til tømmermannen og bygningsmannen. Det er vår oppgåve, ikkje berre på 17. mai, men alltid, å fortsetta kampen for frihet og rettferd for alle menneske:

Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.

Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.

(Marias Lovsong frå Lukas 1, 50-53):

Del